mandag 6. april 2009

Ego - bøkene. Problematisk serietittel, men spennande innhald

For det fyrste får eg be om tilgjeving for å ha vore så slapp på bloggefronten.

Eg har mange unnskuldingar - men det er sikkert ingen som orkar å høyre dei...



Vel eg har lenge tenkt at eg vil lage eit lite innlegg om EGO serien.

Fyrst av alt, fordi denne serien har gitt meg nokon av dei betre lesaropplevingane som barnebibliotekar siste året.



Her er eit par av dei:



Ingeborg Dybvig: Mareritt i Venezia.

Detektivbok i kjent stil. Litt Hardy, litt Frøken Detektiv , og eg kostar på meg litt Gulltopp også.
(Eg var ein storlesar av Gulltopp - jada sikkert eit homo-teikn :-) Spennande og actionfylt detektivbok om ei jente som rotar seg opp i ei klemme når ho er på ferietur med faren i Venezia. Ikkje minst var det litt spennande å få vite litt meir om byen Venezia som eg aldri har vore i.



Janne Aase Johnsen K K GID: Eg skjønar ikkje heilt kva tittelen henspeglar på.... Denne boka trudde eg ikkje at eg kom til å like, men der tok eg jammen feil. Forfattarane av "Bitching" kalla internettmobbing for "same shit, new wrapping" og eg trur dei har heilt rett. Mobbing eksisterte også når Alf Prøysen skreiv sine noveller for lenge sidan, og sikkert lenge før det også. Men denne boka gir eit utruleg bra innblikk i kor effektiv slik internettmobbing er. Og kor fatalt det råkar dei som vert utsett for det. Ei heilt anna bok frå ei heilt anna tid heiter "Å være ung er for jævlig" Når eg las denne tenkte eg at jammen har den forfattaren eit poeng.



Lena Lilleste: Innbrudd på skolen. Herlighet for ei spennande bok. Denne måtte eg lese ferdig på bussen og på lærarrommet før eg skulle ut til 5.trinn på Stranden skole på Flateby. Denne var innmari spennande skrive...



Peter Lidbeck: Den danske raneren. Den minna meg veldig om Laura Trenter sine bøker, men kanskje noko meir elegant utført. Ikkje blant dei beste av dei eg nevner, den er litt for forutsigbar for det. Men for all del. Artig plott om ein gut som stel skulekassa og så vert vitne til eit anna ran, når han og kammeraten er på skolen for å levere pengane attende...





To som eg kunne tenkte meg å lese, men har ikkje kome så langt:



Peter Barlach: Ikke bare tennis

Elizabeth Laird: Appelsiner i ingenmannsland



Damm har truffe ei nerve her - og maktar å gje ut bøker som ungane faktisk har lyst til å lese, og som det er ei fryd for meg som barnebibliotekar å anbefale vidare.



Ha god påske gode Burk-folk !
Og om de har fleire kommentarar om desse eller andre EGO-bøker (eller serietittelen) vil eg gjerne lese dei !



Alt godt frå Enebakk

Ps. Velkommen på møte hit i slutten av april
:-)

2 kommentarer:

HPL sa...

Janne Aase Johnsen K K GID: Eg skjønar ikkje heilt kva tittelen henspeglar på....

Måtte få hjelp av den yngste i familien for å skjønne at den sto for Kjempekjempe glad i deg ... Men som du skriver: hva den henspeiler på er litt vanskeligere å se.

Fama sa...

Les Ikke bare tennis! Den er veldig bra! Enda en bok om sorg og vanskelige følelser, men denne likte jeg. KK Gid ble jeg skuffet over, temaet er selvfølgelig bra og i tiden, men jeg synes boka var dårlig. Det er en stund siden jeg leste den, så jeg husker ikke akkurat hva jeg ikke likte:(
Men, det er da vel bra at vi har forskjellig syn. Jeg kommer tilbake til saken når jeg er på jobb igjen etter påske! God påske, Oddmund!