mandag 20. april 2009

glamourbibliotekaren

hvis de treng noko vetigt å fylla tida me sjekk ut:
http://glambibliotekaren.blogspot.com/
Den virkar som ein topp blogg imho !

Dessutan er det nokre som er oppdaterte på kva bøker som skal gis til barna ved årets verdens bokdag ?

OKå

fredag 17. april 2009

Møte her i april

Det blir kjekt å få dåke som har muleghet til Enebakk !
Eg planlegg omvisning på kunstsamlingane som er i Kulturavdelinga.
Er Burk folk greie å ta med seg 50,- til betaling av omvisning er
eg most grateful

Beste helsing OKå

mandag 6. april 2009

Ego - bøkene. Problematisk serietittel, men spennande innhald

For det fyrste får eg be om tilgjeving for å ha vore så slapp på bloggefronten.

Eg har mange unnskuldingar - men det er sikkert ingen som orkar å høyre dei...



Vel eg har lenge tenkt at eg vil lage eit lite innlegg om EGO serien.

Fyrst av alt, fordi denne serien har gitt meg nokon av dei betre lesaropplevingane som barnebibliotekar siste året.



Her er eit par av dei:



Ingeborg Dybvig: Mareritt i Venezia.

Detektivbok i kjent stil. Litt Hardy, litt Frøken Detektiv , og eg kostar på meg litt Gulltopp også.
(Eg var ein storlesar av Gulltopp - jada sikkert eit homo-teikn :-) Spennande og actionfylt detektivbok om ei jente som rotar seg opp i ei klemme når ho er på ferietur med faren i Venezia. Ikkje minst var det litt spennande å få vite litt meir om byen Venezia som eg aldri har vore i.



Janne Aase Johnsen K K GID: Eg skjønar ikkje heilt kva tittelen henspeglar på.... Denne boka trudde eg ikkje at eg kom til å like, men der tok eg jammen feil. Forfattarane av "Bitching" kalla internettmobbing for "same shit, new wrapping" og eg trur dei har heilt rett. Mobbing eksisterte også når Alf Prøysen skreiv sine noveller for lenge sidan, og sikkert lenge før det også. Men denne boka gir eit utruleg bra innblikk i kor effektiv slik internettmobbing er. Og kor fatalt det råkar dei som vert utsett for det. Ei heilt anna bok frå ei heilt anna tid heiter "Å være ung er for jævlig" Når eg las denne tenkte eg at jammen har den forfattaren eit poeng.



Lena Lilleste: Innbrudd på skolen. Herlighet for ei spennande bok. Denne måtte eg lese ferdig på bussen og på lærarrommet før eg skulle ut til 5.trinn på Stranden skole på Flateby. Denne var innmari spennande skrive...



Peter Lidbeck: Den danske raneren. Den minna meg veldig om Laura Trenter sine bøker, men kanskje noko meir elegant utført. Ikkje blant dei beste av dei eg nevner, den er litt for forutsigbar for det. Men for all del. Artig plott om ein gut som stel skulekassa og så vert vitne til eit anna ran, når han og kammeraten er på skolen for å levere pengane attende...





To som eg kunne tenkte meg å lese, men har ikkje kome så langt:



Peter Barlach: Ikke bare tennis

Elizabeth Laird: Appelsiner i ingenmannsland



Damm har truffe ei nerve her - og maktar å gje ut bøker som ungane faktisk har lyst til å lese, og som det er ei fryd for meg som barnebibliotekar å anbefale vidare.



Ha god påske gode Burk-folk !
Og om de har fleire kommentarar om desse eller andre EGO-bøker (eller serietittelen) vil eg gjerne lese dei !



Alt godt frå Enebakk

Ps. Velkommen på møte hit i slutten av april
:-)

torsdag 2. april 2009

Svein Nyhus

Lærerik og fin blogg fra Svein Nyhus! http://sveinnyhus.blogspot.com/